Tidlegare biskop i Bjørgvin Ole D. Hagesæther og kona, Else Liv, var hovudgjester og deltok med bl.a. forteljing frå misjonstur til Madagaskar. Den bibelske nista biskopen delte med oss fredag og laurdag var slik at ho gav god næring også etter at vi er komne heim! Programmet var rikhaldig med festkveld med mange gode, morosame og gjevande innslag, delestunder på ettermiddagstid og ”Mathias Orheim-kveld” med mykje song og interessant foredrag. Dagane vart innramma av morgonbøn og kveldsbøn. Det vakre haustveret gav høve til lange eller korte turar i vakkert fjell-landskap, høgt oppe på snaufjellet eller lågare nede i dalsidene. Nokon fekk møta treskjæraren Arne i arbeid. Personalet på Helgatun gav oss mykje og velsmakande mat og skal ha hjartans takk for den velsigna atmosfæren dei har skapt på Helgatun! Helga vart avslutta med gudsteneste med nattverd og misjonsoffer og dei sprekaste fekk tid til enno ein fjelltur før vi alle nytte ein flott søndagsmiddag.
Det var ei helg då alle bidrog kvar med sitt, alle var med å laga det triveleg for kvarandre, noko ved å spela, andre ved å lesa dikt, nokon ved å visa vakre bilete til vakker musikk, andre ved å dela opplevingar, andre igjen ved å lytta…
Då vi drog heim, var Helgatun bestilt til Seniorhelg i månadsskiftet august/september 2012. Dette må vi gjera fleire gonger!

