Samling for misjonsengasjement i kyrkjelydane
Representantar frå kyrkjelydar i Nordhordland var samla i kyrkjelydshuset i Alversund måndag kveld, og diskuterte kva det betyr å vera ei misjonal kyrkje. Misjonskonsulent Astrid Fylling behandla tema på eit overordna plan, medan Knut Sørheim viste bilete og fortalde meir konkret kva det inneber å vera avtalekyrkjelyd. Han gav oss ei innføring i arbeidet NMS driv i Mukdahan i nord -Thailand.
Representantane frå kyrkjelydane var aktive, og kom både med tankar, innspel og framlegg i høve tema.
Aksjonen NMS har for å fremja misjonsinteresse samt få fleire gjevarar; "Kyrkjelydens Misjonsreiser" var i fokus på slutten av kvelden.
Leiar i områdeutvalet i Nordhordland; Kåre Mestad, hadde hand om det praktiske arbeidet.

