Nærare 200 personar fann vegen til Aksdal kyrkje på laurdag 2. juni. Den lokale komiteen hadde ordna alt til på beste måte. For dei som hadde reist langt, smaka det svært godt med kaffe og rundstykke ved ankomst, før prost Helge Gaard heldt ein inspirerande bibeltime.

Årsmøte
Årsmeldinga vart lagt fram og det var ein god samtale om ulike sider ved arbeidet i regionen. Blant anna var det stor glede over gjenbruksbutikk nr. 10 som vart opna dagen før på Havannesenteret i Sandnes.
Dette året var det ingen som sto på val til regionstyret. Det betyr at Terje Sindland held fram som regionstyreleiar.

2011 vart det beste året i regionens historie når det gjeld innsamla midler. Det kom inn ca 28,6 millioner kroner i gåver. Saman med overskot frå gjenbruksbutikkane og testamentariske gåver kom det inn 43,6 millionar kroner.

Trykk her for å lese Regionbladet med årsmelding.

Frivillighet
- Kvifor treng vi frivillige, spurte Kjell Erfjord som hadde fått i oppgåve å ha eit innlegg om temaet. Erfjord minna forsamlinga på alle dei frivillige som gjekk saman om å starte Det Norske Misjonsselskap i 1842. - Misjonsoppdraget er ikkje noko vi kan velge om vi vil utføre, det er ei oppgåve, eit oppdrag vi har fått, sa han.

Erfjord understreka at det vert gjort eit stort arbeid av frivillige i NMS, men det er behov for fleire. - Uten frivillige stoppar NMS, sa han.  - Men vi treng fleire og vi må stadig leite etter nye arenaer for å få nye menneske engasjerte i misjonsoppdraget.

Misjonsmøte
På misjonsmøtet fekk forsamlinga ta del i eit kvinneforeningsmøte anno 1800-talet. Bodil Frette las opp og fortalte om korleis det var å vere med i kvinneforeningsarbeidet på den tida, - til stor glede for dei frammøtte. Regionleiar Eivind Hauglid heldt andakt utfrå Paulus sine ord i brevet til korintarane om ordet om krossen som er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.

Bodil Frette fortel om foreningsarbeidet på 1800-talet. Medlemene kosar seg med både prat og handarbeid. Og rokken var med! Eivind Hauglid

Det Norske Misjonsselskap er 170 år i år. Trykk her for å lese meir.