Det er ein lang tradisjon som vert ført vidare når basaren for Det Norske Misjonsselskap går av stabelen palmelaurdag kl.15.30. Herand Kvinneforeining som vart stifta i 1865, har stått for mange basarar og sendt store summar til NMS i løpet av alle desse åra. I mange år var det to foreiningar for NMS i den vesle bygda, den eine hadde møta sine om kvelden, den andre om dagen. For ein del år sidan vart dei to slått saman til ei foreining som har møta sine i bedehuset mandags ettermiddag.
Palmelaurdag inviterer dei til basar i det gamle, men velhaldne bedehuset. Songen tonar friskt, heile songane, ikkje berre eit lite vers! Det er så flott å høyra! Det er stille og så lett å halda andakt i den talrike forsamlinga. Det vert servert vafler, kaffi og saft. På åretrekningane er det mange flotte og spanande gevinstar, slike som er fine å sjå på, slike som er gode for ganen og slike som er nyttige. Loddbøkene har lege på butikken i fleire veker og mykje loddar er selde. Det er spaning i lufta når dei flotte gevinstane vert trekte! Kven får dokka med den flotte garderoben? Kven får strikkejakka? Kven får keramikkfatet og alt det andre som kan vinnast?
Bedehuset er fullt av folk i alle aldrar, bygdefolk, folk frå andre bygder og ikkje minst slike som er komne heim på påskeferie og som gjerne vil få med seg basaren på palmelaurdag. Det er så mange gode minne knytta til den tradisjonsrike basaren, og mange som bur andre stader ønskjer å få med seg fleire gode minne når dei først er på påskeferie.
Foreininga kan gleda seg over endå ein vellukka basar og over at dei enno ein gong kan senda ein stor pengesum til Det Norske Misjonsselskap!
