På Sprell levande-gudstenesta i Falnes kyrkje var det ofring til NMS og misjonskonsulent Martin Ivar Arnesen bidrog med informasjon om NMS sitt verdsvide arbeid. For dei påmeldte var det så nydeleg middagsservering i bedehuset før sjølve årsmøte tok til.

Stor innsats
Årsrapporten fortalte om eit aktivt år med stor innsats av både tilsette og friviljuge. Områdekontoret i Haugesund registrerte heile 229 møter i løpet av 2011. I tillegg kjem møter der alt vert ordna lokalt. Gjenbruksbutikken sette ny rekord med eit sal på 600 000 kroner. Dei ti julemessene hadde også eit flott resultat, - over 1.1 millionar kroner. I løpet av 2011 har det også vore ni lokale misjonsstemner. Det er 105 foreiningar i området, og dei er både trufaste og gjer ein stor innsats.  

Menighet og misjon
Av 34 menigheter området er det heile 22 som har ein eller to avtalar med NMS. Seks av desse avtalane var enten nye eller fornya i 2011. I august/september plar det vere misjonssøndagar i mange menigheter, og då stiller NMS med predikant.  

”Av seg sjølv”
Etter årsmøtet var det både familiemøte og festmøte. Soul Children song på familiemøtet og Senores song på festmøtet. På begge samlingane var to Hald-studentar frå Madagaskar intervjua om korleis det har vore å vere i Noreg.

Den nye regionleiaren, Eivind Hauglid, minna dei frammøtte på Jesu ord om såkornet i Mark 4.28 ”Av seg sjølv ber jorda grøde”. – Evangeliets spirekraft er eit stort under. Men evangeliets frø må i jorda, og det er vår jobb, sa han.