Det er kjekt å få komme inn i Os Gjenbruk ein haustkveld og sjå at lokalet er fylt av rundt 30 menneske.

Medarbeidersamling
Ingen er her for å kjøpa pynt eller møblar i dag. No er det medarbeiarsamling og festleg markering av og for kvar ein av dei som brukar av tida si på NMS Gjenbruk. God mat og god underholdning vart ispedt praktisk informasjon til dei som ekspederer i butikken. Fleire av dei eg pratar med peiker på at det har betydd mykje for mange å ha denne oppgåva, tida fyk og ein får vere med på eit arbeid med meining. Rundt regna 360 000,- kroner har butikken selt for på knappe fire månader. Eit fantastisk resultat.

Travelt
Butikken i Bergen ligg vegg i vegg med NMS-kontora. Her får vi tilsette sette oss i sofakroken og dele "matpausetida" med dei som står i butikken. ”Du veit, no vert vi nesten skuffa når salet er på nivå med ein god dag i gamle butikken”. Strikketøyet legg dei heime no, for det er lita tid til slikt. Stadig går døra opp og folk kjem inn for å sjå og handle.

Facebook
I Knarvik, Førde i Sunnfjord og i Os har dei teke ”facebook” i bruk, så er du ein av dei som har eigen profil er det flott om du er med og marknadsfører desse sidene. Søk fram "NMS Gjenbruk, og namnet på staden".

Besøk ein butikk
Gjenbruk er kome for å bli. Det er livskraftig, berekraftig og nyttig. Ta ein titt på NMS Gjenbruk sine nettsider. Du finn sikkert ein butikk som ikkje er så langt frå deg.