Styret i Fjell Fellesforening inviterte til misjonsselskap første søndag i mai. Det kunne ha vore uteselskap, men ein kald vind frå nord gjorde det til inneselskap med ein fin start ute under ein knallblå himmel, mellom sprettande bjørkelauv og små markblomar.
Selskapet starta med sporløp på bakkane hjå Alvhild og Jacob-Ørjan Eide og heldt fram med ei bibelvandring litt lenger ut i periferien, sjølv om dei mest vindutsette postane ved havet vart sløyfa!
Etterpå var det godt å gå inn i ei varm løe, der vi først snakka litt om misjonsselskap og Det Norske Misjonsselskap og om korleis vi alle kan bli ein del av det. Så presenterte vi oss, for alle kjende ikkje kvarandre. Det var noko av poenget, at vi skulle koma herifrå og derifrå og dela misjonsglede og misjonsglød.
Deretter sette vi oss til eit vakkert pynta kaffibord på løeloftet. Kakene, lefsene og bollane     smaka og praten gjekk livleg som mellom kjenningar!
Eit misjonsselskap skal sjølvsagt vera prega av misjon, derfor song vi misjonssongar, Ernst Ebbesvik heldt eit morosamt kåseri med temaet misjon og vi nytte ei vakker bilet- og lydframvising frå Kamerun produsert av Jacob-Ørjan Eide. Før det var tid å bryta opp, let vi augo nyta serien ”Dere skal gi dem mat” av Eivind Hauglid.
Mens nokre av bilane køyrde av tunet, vart fleire verande igjen for å gå og sjå seg gjennom Kamerunutstillinga i fjøset. Og då oppryddinga var gjort om kvelden, kunne vi gleda oss over eit vellukka misjonsselskap, mykje delt misjonsglede og ei flott misjonsgåve som låg igjen i kalebassen sett fram til fri bruk!