Dette er ikkje eit TUPPER-party, - men eit MISJONS-PARTY !
Slik vart invitasjonen sendt ut, - via textmelding,- til eit tjuetals damer. Dei responderte momentant. Dei fleste kom, dei som vart forhindra ba om å få kome neste gong. Neste gong skal bli ! Med fleire. Nokre tok med seg veninner,- kjende og ukjende, - både for kvarandre, - og i høve til misjonen.
"Dette var innhaldsrikt og kjekt !" "Endeleg ein plass der vi kan få GI!" " Meiningsfylt å få høyre om damer som har det annaleis enn oss !" "Party utan plast, - ja plast har vi mykje av, - men mindre av å dele med andre :) "
Slik fall utalelsane undervegs og i etterkant av partyet.
Textmeldings-invitasjonen var på 1-2 dagers varsel. Det trur eg av og til kan vere lurt, fordi då veit folk der og då om dei er ledige.
Invitasjonen fortalde kva vi skulle gjere denne kvelden :
Få misjonsinformasjon om kvinner som har det annaleis enn oss, - (Videosnutt )
Gi ei god misjonsgåve
Snakke litt om dette
Ete litt god mat
Snakke med kvarandre
Ein god grunn til å treffast !
Dette MISJONS-PARTYET hadde eg heime i heimen, dekka litt fint, suppe & godt brød, - og litt sjokolade til kaffi`n.
So enkelt at fleire kan tøre seg til å gjere det same. Og fleire har gjort det.
Er det noko du kan tenkje deg å ha i heimen din til hausten ?
Held du med hus, mat og vener, - so kan du få hjelp til innhaldet.
Berre prøv !

