I mars månad fekk dei to konfirmantane saman med åtte andre møta prest og NLA-student, Ndoyama Felix. Møtet gjorde sterkt inntrykk på konfirmantane, kanskje spesielt på Maria og Preben. Dei to bestemte seg for å samla inn pengar slik at kona til Felix kunne koma ein tur på besøk til Noreg. Dei gjekk i butikkar og spurde etter gevinstar og fekk! Dei selde lodd på basarbøker og fekk selt mykje! Dei annonserte basar i Foldnes kyrkje og kontakta lokalavisa for å bli intervjua. Foreldre, besteforeldre, venner og kjenningar stilte opp frå første stund.

Så er basardagen komen og spaninga er på topp! Vil det koma folk? Ja, det kom folk, dei kjøpte kake og kaffi, dei kjøpte lodd! Bandet «Ugo» spelte og song og sette spiss på arrangementet.

Maria og Preben, foreldra og alle som var til stades, gledde seg over å vera med å dela med andre! Då pengane vart talde, var resultatet kr.15.300,-: Meir enn nok til billett for kona til Felix! Resten har Maria og Preben bestemt skal gå til misjonsprosjektet «Spesialundervisning for døve i Ngaoundéré».

Men så fekk ikkje kona til Felix koma likevel, fekk ikkje visum i tide. Korleis skulle pengane då brukast? Spesialundervisninga for døve fekk sitt og i samtale med Felix vart Maria og Preben samde om korleis pengane dei hadde samla inn, kunne verta til glede og nytte for fleire.

Eg er imponert over initiativ, gjennomføring og resultat! Tusen takk til Maria og Preben og alle dei engasjerte!