I år var temaet ”Pilegrimsvandring mot vest”. Prost Reidar Knapstad heldt hovudinnleiinga og la vekt på keltisk historie og spiritualitet, og kva vi kan la oss inspirere av frå keltisk kristendomstradisjon. I løpet av dagen lærte vi tre nye songar frå ”Sanger frå vest”.  Vi fekk fleire glimt frå pilegrimsvandringar som personar frå området har gjennomført.

Svanhild Ask viste bilete frå vandring til Lindisfarne kloster og gav eit levande bilete av ein tur som fleire i forsamlinga tenkte kunne vere mogeleg å gjennomføre i framtida. Det var viktig også å fokusere på Selja som er vår næraste gamle pilegrimsstad.

Toril Lange fortalde om turen som kvar sommar går til Seljumannamessa i byrjinga av juli.

Santiago de Compostela har vore målet for Olav Hellebø, som ved hjelp av utstyr og konkrete minne, gav innblikk i korleis det var å gå i Spania.

Ingvald Andersen Frøyen nytta keltisk liturgi ved nattverdgudstenesta.  Preika hans hadde også utgangspunkt i temaet og hadde tre stikkord: tro, ro og uro.

Ungdommar, samla til leiarhelg, song og var aktive med lesing og lystenning, og Cathrine og Håvard Tveit avslutta med keltisk velsigning.
På Alværa blir vi alltid stelt godt med, og mange gav uttrykk for at det er godt å møtast på denne måten og ta opp tema som ein er interessert i.

Leiarspirer saman med Helle Leivestad Kartveit frå NMS U