Trude Tomren, nyleg heimkomen misjonær frå Kamerun, snakka om temaet gjenbruk. Ho drog linjene frå dagens samfunn til nokre tiår attende, og peika på korleis haldningane i høve det å ta vare på tinga våre har endra seg hjå oss alle i takt med at velstanden har auka.
For berre nokre tiår sidan var det større fokus på å ta vare på tinga våre, reparasjon var vanleg i større grad enn no. Kreativiteten vart teken i bruk for å finna gode løysingar i stadenfor å kjøpa nye ting. Det positive er at trenden blant dagens unge er at gjenbruk er kult, håpet er at pendelen kanskje er på veg tilbake til eit meir moderat forbruk om nokre år. Mange unge er innom butikken, og kanskje vil dei engasjera seg i arbeidet, om vi vågar spørja dei. Forbukarsamfunnets utfordringar viser seg også på landsbygda i Kamerun, etterkvart som tilbodet om ting og tang aukar.
Bollar og tebrød vart servert og praten gjekk livleg i kaffipausen, og jammen vart det litt inntekt til misjonsarbeidet denne kvelden også. Det nokon ikkje finn nyttig lenger, ser andre på som små skattar....
Stunda i lag vart avslutta med andakt, song og bøn.

