Det er vakkert på Kvamseter i slutten av mai! Ny vår, med sprettande bjørkelauv og skogbotnen full av kvitveis. Lufta er så tindrande klar, om enn litt kald no i skiftet mellom vinter og sommar. Mai er eit godt tidspunkt å stella i stand foreiningsdagar, og ein lang tradisjon er det, meir enn 20 år!

Første pulje kom onsdag midt på dagen. Dei vart møtte av varme stover og godlukten frå liljekonvall på bordet. Andakt, misjonsinformasjon, allsong og misjonsoffer stod på programmet. Det vart servert middag med dessert, kaffi, kaker og lefser. Tid til goddrøs og ein luftetur rundt husa vart det også!

Andre pulje kom laurdag midt på dagen. Desse var fleire og det såg ut som dei fann kvarandre sjølv om dei kom frå ulike stader og foreiningar. Programmet var det same, maten også!

Edel Sørvik heldt andakten begge dagar, Alvhild Vassel Eide hadde misjonsinformasjon onsdag, mens Frode Brugger Sæthre, misjonsprest i Mali, hadde interessante meldingar å koma med frå Mali i misjonstimen laurdagen. Folk tok seg god tid og var levande interesserte i det dei fekk høyra.

-Det er så inspirerande å vera med på foreiningsdag! var refrenget då deltakarane tok på heimveg. Vi som er ansvarlege, svarer tilbake: -Det er så inspirerande å vera saman med foreiningsmedlemmer! Vi takkar også dei frivillige som ordna med pynting, mat og oppvask begge dagar!

Så ønskjer vi velkomne til foreiningsdagar i 2011 også, sjølv om vi ikkje veit kvar dei skal vera, sidan Kvamseter vert førebels stengd frå 01.06.10.

 

Helsing Edel og Alvhild.