Vi var unge og gamle i eit herleg misjonslag som spegla historia og ga von for framtida. Det var attersyn ved Jan Ulveseth, forkynning og informasjon frå Tor Helge Køhn frå NMS-HA og ei flott gudsteneste leia av dei lokale prestane.
"Denne dagen gjorde meg glad!" - høyrte eg fleire gonger både då og i dagane etter. For det vart verkeleg ein dag![]()
fylt av takksemd, humør og framtidsdraumar. Mange travarar hadde funne vegen til Alværa denne dagen, men og ein del nye fjes. Den eldste var over hundre år, og den yngste 2-3.
Takk til alle tilsette som skipa til denne festen og som sytte for god mat og pynta bord, og takk til NMS for ein flott stad å samlast på for misjonsfolk, kyrkjefolk og andre folk i Ytre Sogn og omegn. Dei fyrste 30 åra er no historie, dei neste 20 vert ikkje mindre spennande.
Ver med og be for Alværa og ikkje minst for leirarbeidet for born og unge! Neste leir: 5. -7. klasse og 2.-5. klasse
Ingvald Andersen Frøyen
Misjonskonsulent i NMS

