Når NMS no har lansert gjevarkonseptet ”byggenkirke.no”, så understreker det på sin måte at å byggja kyrkje i mindre grad handlar om å reisa ein bygning. Langt meir dreier det seg om å reisa opp menneske; gi trusopplæring, leiartrening og eit fellesskap å høyra til i, og slik skapa holdningar som formidlar Bibelen sine ord om at ”Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus”.
NMS har ein stolt tradisjon som kyrkjebyggarmisjon, og den tar me vidare med stort frimot. Takk til alle gjevarar som er med og bygger Guds rike! Til sjuande og sist er det jo det me ber om: ”Lat riket ditt koma!”
