Den årlige basaren til inntekt for Det Norske Misjonsselskap (NMS) er i full drift! I år vart basaren halden laurdag 5.juni.

Der er ikkje lenger foreining for NMS på øyane her, men ein laurdag i juni samlast folket i kapellet til basar. Dei har med seg gevinstar til basaren, mange gevinstar, originale gevinstar, som f. eks. ein fiskekasse, ein fiskehov og eit garva saueskinn av villsau frå området.

Edel Sørvik har selt bok etter bok med lodd, og før nokon byrjar å kjøpa årar er 15.000 kroner kome i kassen. Edel har også sydd dei mange vakre løparane og brikkene i hardangersaum, populære gevinstar!

Basaren byrjar med kaffi og herlege kaker, lefser og gjærbakst i kjellaren. Eg har site og sett kvinnene koma med fat etter fat med godsaker! På dugnad, gratis, utan vederlag, med den største sjølvfølgje! Det er på sin plass med ein stor takk både til kvinnene i Brandasund og til kvinnene alle andre stader, som stiller opp med mat på fat gong etter gong, år etter år!

Etter ei god matøkt med tilhøyrande godprat, sessa folket seg i kapellet. På programmet stod andakt og misjonsinformasjon, som underteikna hadde ære av å stå for. Så var det åresalg og trekning i fire omgangar. Til slutt vart alle dei vakre gevinstane på bøker trekte.

Årane gjekk unna og låtten sat laust, somme var heldigare enn andre og han som trekte heldt rekning med kor mange gevinstar kvar fekk! Det kan bli moro av mindre!

Edel kunne til slutt takka små og store medhjelparar. Etter oppteljinga kunne dei registrera ny rekord, kr. 42.285. Ikkje verst det ein laurdag i juni på ei lita øy utan foreining! Endå eitt av dei mange under i misjonen!

Vi avslutta samlinga med å syngja ”Med Jesus vil eg fara” og å be Fadervår. – Om Gud vil og vi får ha helsa, vert det basar i Brandasundet også neste år, sa Edel før vi gjekk frå kvarandre.