Båten er ein av mange reiskapar for å nå ut med evangeliet. Og den viktigaste reiskapen er når alt kjem til alt menneske - både på Madagaskar og i Norge: Personar som er villige til å gå; til å gi av si tid og sine pengar; bruka sin munn og sine hender i teneste for Gud og menneske.
Respekt er grunnleggande
Namnet Shalom er ikkje tilfeldig valt. Målet er at folk kan leva i fred med kvarandre trass i ulik tru. Difor er respekt ein grunnverdi i alt arbeidet. Parallelt med å vitna om Jesus til muslimar og andre er det også grunnleggande viktig å styrka dei kristne i trua. Shalom driv både helsearbeid og skular og bidrar i kyrkjebygging og evangelisering.
20 tilsette
Dei har ein stab på over 20 tilsette, og i tillegg rundt 70 medarbeidarar rundt i dei ulike landsbyane, hovudsakleg lærarar. Evangeliseringsdepartementet rapporterer om nærare 8500 personar som fekk besøk ein eller fleire gonger i fjor, tre nye menigheter vart planta, og over 60 personar vart døypte.
Her kan du gi ei gåve til dette arbeidet.
