På eit misjonstivoli er målet å samla inn pengar til misjonsarbeidet. Nokre av leiarane på 5-7. klasse leiren på Kjeldsund i vinterferien laga ein veldig utradisjonell og spesiell post til misjonstivoliet. Dei gjorde om gangen i møtesalen til ein minisafari. Blå, grøne og grå pledd og laken blei hengt opp i tak og veggar. Dei henta også inn dei fleste plantene som fantest i møtesalen og hovudhuset.
Deltakarane betalte fem kjeldsunddollar (ein kjeldsunddollar kostar to kroner) for å koma på safari gjennom jungelen. Det vart gått over 50 "turar" gjennom jungelen, og pengane gjekk til inntekt til sprellprosjektet til NMS U.
På denne 5. - 7. klasse-leiren kom det inn kr 3 889,50 til sprellprosjektet. Også på 2. - 4.klasseleiren som vart arrangert nokre dagar før, kom det også inn eit fint beløp til misjonsprosjektet.
Sjølv om personalet på Kjeldsund ikkje kunne kjenne igjen gangen framfor kjøkenet sitt, syntest dei det var veldig stilig, og likte turen gjennom jungelen, dei og!
