Slik føregjekk seansen:

To uniformerte vaktmenn helsar oss velkommen, føretek kroppsvisitasjon og slepp oss inn.

Vel inne tar Dame 1 mot oss, fører oss inn i neste rom og introduserer oss for ein annan herremann.

Denne herremannen tar oss med inn på eit nytt rom, blar opp i ein kartkatalog og viser oss kartet over Gimbi. Ja takk, seier       Silje og byrjar å rulle saman kartet. Nei, du, dette er bare ei prøve. Dermed blir me ført inn på neste rom.

Her må me setja oss ned medan Dame 2 bak skrivebordet skriv ei kvittering for handelen vår.

Silje blir deretter ført inn på eit nytt kontor for betaling, her betalar ho til Dame 3 og kjem tilbake med kvitteringa til Dame 2.

Dame 2 signerer kvitteringa. I mellomtida har me fått kartet, og kan difor takke for handelen.

Ute i gangen vinkar me høfleg farvel til dame 1.

Ved utgangen må me vise kvittering og kart til Vaktmann 1, dermed er me gjennom nålauget.

Ute i friluft att, med kartet under armen.

Håpar det blir ei stund til neste shoppingrunde.