Denne natta i Vest-Etiopia er det eg som er misjonær. Misjonærlivet byr i sanning på meir enn salmesong og tropehjelm, og etter forrige feltreise har det bydd på utfordringar for helsa.
Fant og utøy
Kona Silje har alt vore dårleg i fleire dagar, medan eg tenkte at denne står eg nok over. Så feil kan ein ta. Ikkje veit eg kva me har fått i oss av fant og utøy, men i ettermiddag kom kvalmen kastande over meg, og sidan har eg lege urørleg på sofaen for ikkje å kaste opp. Ettermiddag blei til kveld, og kvil blei til nattesvevn. Stabilt ryggleie på madrassa på golvet, alle andre positurar medførde overhengande fare for mat i retur.
Tid for handling
Så kom den elendige rotta. Det høyrdest ut som ein middels stor St. Bernhard var i sving på kjøkkenet, og då noko singla i golvet var det tid for handling frå husbonden si side. Ute på kjøkkenet såg eg bare snurten av rotta idet ho forsvann inn i holet sitt, akkurat som i ein Tom&Jerry-film. Attende låg ein kjøkkenvisp halvvegs inne i opninga. Eg fekk skalka att kjøkkendøra på ny, sett matavfallsbøtta ut på verandaen og gjekk for å leggje meg då kvalmen kom over meg med nye krumspring. I min visdom tenkte eg at det beste må vel vera å stikke ein finger i halsen å få ut noko av dette som lagar krøll. Som tenkt, så gjort. Eg listar meg ut på verandaen, og idet eg skal utføre ei minimal kraftanstrenging og lyfte opp avfallsbøtta skjer det katastrofale. Eg bæsjar på meg.
Barndomsminne
Ikkje har eg opplevd dette sidan barndomen i Kongo, men den karakteristiske kjensla av væske langs låret er ikkje til å ta feil av. Den same kjensla som far min måtte ha hatt den dagen i 1985 då han ikkje rakk inn på misjonen sitt hovudkontor i Bukavu før den krittkvite misjonærbuksa hans ikkje lenger var så kvit. Eg set umiddelbart frå meg bøtta, og tuslar lettare anspent gjennom hagen og ned til utedassen. På huk over eit hol i Afrikas røde jord tar eg min hemn. Eg har ikkje jobba på gamleheim og kan difor ikkje skalaen som blir nytta for å skildra avføring, men såpass skjønar eg at i mitt tilfelle må eg befinne meg på eit av skalaen sine ytterpunkt.
Komplett triumfferd
Slukøyra ruslar eg opp att til verandaen med shortsen i handa. Hadde det ikkje vore for mine etiopiske naboar vegg i vegg, hadde eg valt Adams drakt på min retur under tropehimmelen. Nokre meter lenger borte i hagen blir eg ståande krumbøygd under eit tre medan resten av mageinnhaldet kjem ut den øvre naudutgangen, og triumfferda mi er komplett. Då har eg i alle fall gjort det eg hadde sett meg føre. Eg innser at det er vel optimistisk å ta ein dusj allereie, dessutan er det ikkje vatn anna enn i tønna.
Forunderleg mage
Dermed blir eg sitjande på verandakanten og glo, kun avbroten av målretta utferder til holet mitt nede i hagen. Det blei i grunn ei fin stund der eg sat og dingla med beina på verandaen, og etter kvart kjem også Silje ut og set seg ned for å snakka om den forunderlege magen. Utifrå det ho skildrar skjønar eg at heller ikkje damene alltid luktar rosa blomar, og at dei òg kan erfara at det som var meint som ein liten fjert ut i vêret kan gjeva eit heilt anna og meir konkret utfall.
No sit eg på ei avis på golvet i tropenatta og rablar ned ein misjonær sine memoarar. I morgon skal eg kjøpe rottefelle og vaske underbuksa mi.
