Hauglid er ingen ny mann i NMS; han har hatt sin arbeidsplass i organisasjonen sidan han var ferdig på Misjonshøgskolen i 1981. Fram til 1997 var han misjonær i Thailand, og etter den tid har han vore redaktør i Misjonstidende. Etter omorganiseringa for to år sidan har han i tillegg til redaktørjobben også vore informasjonssjef.
Sjølv om det er første gong han vert tilsett i ein region, så har han nær tilknytning også til den delen av arbeidet. Både som misjonær på heimeopphald og i si noverande stilling som redaktør har han besøkt mange stader i Norge med engasjert misjonsforkynning og -informasjon. I store og små forsamlingar i kyrkjer og bedehus, foreningar og skuleklassar har Eivind Hauglid delt det som ligg han på hjarta, anten det er dei store linjene i Guds misjon til folkeslaga eller den nære, varme historia om enkeltmenneske som har møtt Jesus.
- Region Stavanger er ein stor og flott region, med mykje trufast og godt arbeid, seier Hauglid. -Eg håpar å få vere med å inspirere og oppmuntre til fortsatt innsats. Det er lite ein kan gjere aleine, men saman kan vi utrette mykje.
