Samtidig har vi sett fleire år med stygge underskot. Det er dette som gjer at vi nå har kalla inn til ekstraordinær generalforsamling.

Orsaking
Som administrativ leiar ser eg klart at dette skulle administrasjonen gripe fatt i før. Vi skulle sett teikninga før vi gjorde, og lagt saka fram for styret på eit tidlegare tidspunkt. Eg både beklagar og tar ansvar for den administrative sida av dette. Og er villeg til å ta dei konsekvensar det måtte få for min eigen del om det skulle vera nødvendig.
Økonomi i ubalanse
Landsstyret meiner at vi er nødt til å gjera endringar i arbeidet nå for å få økonomien i balanse.

  • Dei siste seks åra har vi hatt eit underskot på ca. 50 millionar i drift.
  • Samtidig har vi investert om lag 40 millioner kroner i opprusting av eigedomsmassen.
  • Konsekvensen av dette er at vi ikkje lenger har ein konstant buffer i vårt arbeid. Det betyr ikkje at vi er insolvent. Det vi nå har er ein eigedomsmasse som er verdt 600 millionar kroner, konservativt vurdert.
  • Og vi ser at i førre år hadde regionane eit overforbruk i forhold til budsjett på fire millionar kroner.

Dette betyr at vi må oppnå to konkrete mål:

  • Vi må få budsjett i balanse.
  • Vi må betra likviditeten, få pengar i banken, slik at vi kan redusera kortsiktige lån gjennom å selga eigedom.

Livskraft
Vi har heilt til det siste fått eit godt samspel mellom det regionale og det sentrale nivået. Regionane har gjort ein stor innsats og vi ved hovudkontoret har gjort ein stor innsats. Nå står NMS overfor eit nytt forslag til organisasjonsomlegging. Den har ei økonomisk side. Men det dreier seg ikkje bare om økonomi. Det dreier seg om to ting: å skjøna seg på tidene for å søka gode samhandlingsformer og organisasjonsmønster, og å søka det som vi trur vil vera levedyktig og livskraftig framover.