I år fekk ein inn 54.000 kroner på 13.-dagsbasaren. Dette er rekord. Det var elles trongt om plassen, god stemning og tradisjonsrik kaffilukt.
Autogiro
Då pengane vart talde opp viste det seg at dei hadde slått alle rekordar, med 54.000 kroner. Områdeleiar, Ottar Berge, kunne fortelje at organisasjonen i 2011 hadde fått inn meir pengar enn dei hadde budsjettert med.
- Det er likevel godt å vite kva pengar ein har å drive for, så eg vil råde folk til å gi fast i månaden over ein autogiro, sa han.
Lukta av kaffi
I tilegg til at folk kunne kjøpe lodd, var der også brennsnut, rømmegraut, kaker og smørbrød til sals, og sist men ikkje minst kaffi.
Då sokneprest Matias Austrheim skulle snakke litt med den andre soknepresten, Arne Moltubakk, før han skulle ha andakt, vart det ein del snakk om kaffi.
- Eg hugsar at eg forsto når mor skulle ha misjonsforeining heime, fordi då lukta det så sterkt kaffi, sa Matias. Det var nok mange som kjende seg att i dette minnet.
Janne Nordal sto for det musikalske innslaget på basaren. Ho song ein salme. Stemma hennar var klar og fin.
Fleire hundre
I år, som dei siste åra, vart basaren arrangert nede i kjellaren på bedehuset. Det skulle vise seg å bli i trongaste laget. Det kom folk heile tida, nokre gjekk etter ein time eller to, andre var der heile dagen. Det var truleg fleire hundre personar innom.
For at alle skulle få varm kaffi og ryddige bord sprang fleire flittige damer og menn rundt om i lokale. Ei av dei var Ingrid Tunheim.
- Korleis er det å hjelpe til her?
- Heilt topp. Det er eit kjekt og viktig arbeid, seier ho.
Saka viktigast
På eit bord sat det ein heil gjeng med damer og born frå Hovdebygda, Follestaddalen og Ørsta sentrum. Dei fleste var i slekt med ein eller fleire, så det var reine slektstreffet.
To av damene var over 90 år, men såg framleis raske og friske ut.
- Det er kjekt å kome ut og vere saman med folk. Sjølv om eg er frå Follestaddalen har eg vore med på denne basaren heile livet. Også då den vart arrangert på det gamle bedehuset på Velle, seier Liv S. Øye på 91 år.
Liv er kjend for å ha vinnarlykke. Også i år vann ho ein god del, men det ville ho ikkje ha noko snakk om.
- Det er ikkje om å gjere å vinne, det er saka som er viktig, understrekar ho.
Sveler til mor
Eva M. Y. Busch bur i Hovdebygda. Ho hadde med seg både barn, barnebarn og svigerdotter på basar.
- Vi brukar å vere her. Mor mi, Elsa Kolås, likar også å vere med, men i år var ho ikkje frisk nok. Men vi har kjøpt med oss sveler til henne. No etterpå skal vi dit og drikke meir kaffi, seier Eva.
