Første gongen vi har hatt ein kvinneleg foredragshalder på mannsweek- end.
Deltakakarane kom i hovedsak frå Romsdal og Nordmøre, men også to i frå Godøya og ein i frå Ørsta.
Det var ein eller to som var nye deltakarar mens resten har vore her på mannsweek-end før om åra. Då er det alltid flott å treffast og å bli kjent med nye.
Arne Drøpping var vert for week-enden og ønska oss velkomen. Han hadde sørga for oppsett av namn på romma vi skulle bu på.
Vi hadde oppmøte fredag i 5 - 6 tiden og kveldsmat kl 18.30. Laila (tidl. Elnes) sørga for gode måltider åt oss.
Kl. 19.30 starta møte. Temaet var rett tilpassa med mange henvisninger i bibelen. Mette har også erfaring frå lederskapet i Oase, og besøk i India. Mette hadde ein fin og inspirerande måte å tala til oss på.
Nokre sitat ”overskrifter”:
”Gud har skapt oss med alle våre følelser glede og fred og han er ein god Gud for oss”. Mennesket lever av kvart ord som kjem ut i frå ”min munn”. Kvar er det vi henter næring i frå?
Gud er ein ”god leder” for livet vårt. Regn med Gud i alt i våre liv. Det handler om ”riktig mat”.
Gud leid meg i alt det eg står i. Sjå liknelsen om såkornet. Når Gud openberra seg for folk skapes det følelser.
Etterpå var det tid for diskusjon og spørsmål. Det er klart at ein slik ”voksen gjeng” med lang erfaring frå familie, arbeidsliv og kristenliv var det mykje god livsvisdom og erfaringer på både gode og vonde ting ein hadde erfart.
Kl 22.30- var det kveldsbøn v/Bjørn Hovde, i bønerommet på gamlebygget. Bjørn hadde laga til ein tilpassa liturgi med song for bønsstunda. Ei fin avslutting på samværet og dagen.
Laurdag kl. 08.00, starta vi med morgonbøn i gamlebygget. Peter Dale leda oss i bønestunda med ein tilpassa liturgi og song.
Kl 09.15 fortsette bibelforedraget v/ Mette Boye. Etterpå var det tid til kommentar og diskusjon.
Kl 11.00- ”Med blikk mot India” v/Mette: Hausten 2011 var ho saman med ein delegasjon frå Normisjon/ Oase på oppdrag i India. Store menneskemasser som var hungrige etter å høyre om evangeliet og masse følelser. Det hadde vore ein stor opplevelse å få delta i dette. Mette ga oss ein del ”opplevelses-bilder” frå turen.
Kl 12.30-Lunsj og frisk luft. Ca ein times spasertur langs elva i Øksendalen. Det er vinter kaldt, snø og is, eit fint landskap å oppleve. Gode samtaler og frisk gange slik at vi vart oppfriska til neste økt.
Kl 14.30- ”Om salmediktaren Elias Blix”, 1836 – 1902, v/Magne Bergslid:
Magne hadde ein frisk og innspirerande gjennomgang av Elias Blix sin oppvekst og liv.
Han var ein ”rimsme” som var ordrik og svulstig, som hadde lett for å dikte, men var ikkje nokon taler og lite synleg i forsamlinger. Elias er mest kjendt for sine mange salmer og spesielt våre nasjonalsalmer. Ein finn ingen av salmane med misjon som tema. Elias omsatte til nynorsk mykje av nytestamente. Spesielt Johannesevangeliet og Romerberevet.
På samlingane har vi hatt mykje fin manns-song, akomangert av Peter Dale. Det var mange gode songstemmer. Samlingane var leia av nokre av deltakerane og hovedverten Arne Drøpping.
Det er plass til enda fleire på neste mannsweek-end i februar 2013.

