GODE GRUNNAR TIL Å BRUKE NMS-GJENBRUK
-Vi gir folk god samvittigheit
Mange greier ikkje å kaste ting. Du skal vite at når du ryddar heime, har du ein plass å gjere av det du ikkje treng.
-Fornyelse
Somme folk vil fornye seg, og mange har sans for gjenbruk; det er forresten blitt meir akseptert med gjenbruk no. Du kan òg finne ein ”godbit her,- ja, her er godbitar av og til..
-Miljøfyrtårn
NMS er ein misjonsorganisasjon som er miljøfyrtårn. Bokstavane NMS står for Det norske Misjonsselskap. (Denne dagen for intervjuet serverer Laila kjeks med brenneslepesto,-laga av brennesle, frå eigen åker, med skvalderkål og med aprikos av billegaste slaget).
-Ein sosial plass
Butikken er ein sosial plass, ein annaleis butikk. Her får du gratis kaffi. Kundane er i alle aldrar og frå alle samfunnslag. Hit kjem samlarane, dei som skal supplere og dei som skal etablere seg i hybel eller hus. Mange nostalgikarar er blant kundane; ein ting er ikkje død, men fortel ei historie; t.d. dama som såg ein vase : -nesten lik ein me hadde heime....Det hender vi får gode samtalar her. Somme vil ha misjonsinformasjon, og folk kan få litteratur.
-Støtte ei god sak
Butikken baserer seg på frivilleg arbeid, gratisarbeid. Arbeidsstokken no består av 40 -50 frivillege, mest frå Molde og Fræna. Mange synest det er godt å komme hit; ein kjem seg ut og kan gjere noko nyttig. Vi utfyller kvarandre; vi brukar dei sterke sidene til kvarandre. Alle varene er gitt til butikken, ingen får betalt for det dei leverer. I fjor fekk NMS-Gjenbruk i Molde inn 660.000 i netto. Det synest vi er flott. Vi veit, og har sett på nært hald, at misjonsarbeidet får hjelpe mange.
BUTIKKEN 
-Butikken har nettopp fått auka arealet til meir enn det dobbelte; no er møblar frå prestegardsløa på Røbekk flytta til Romsdalsgata og blitt tilgjengeleg alle dagar i veka. Vi har ope kvar dag, med langdag torsdag. I forbindelse med jubileet skal vi òg prøve å gjennomføre budrunde på spesielle ting. Varer vi er særleg interessert i å få:
småmøblar, kjøkkenutstyr, koppar og kar, servicedelar, bilde/tekstilar og smykke/sølvtøy.
Når folk skryt av butikken, seier vi:-Det synest vi, òg! Ja, vi har mykje fint; for alt de ser har vi fått gratis.
INVITASJON
-Vi ønskjer velkommen til jubileumsfesten fredag 21. oktober kl. 18.00 i Bergmo Småkirke. Tale v/ Oddbjørg Aasen Bjørdal. Besøk av gjenbruks-konsulent Anne Margrethe Seland. Suppe, kaffi og kaker. Variert program.
-Ta kontakt viss du har ting å gje til butikken, viss du har lyst å arbeide her av og til, eller viss du berre har spørsmål til noko av dette.

