Besøk av generalsekretær Jeffery Husey var eit av høgdepunkta på stemnet. Han inspirerte forsamlinga med bibeltime, informasjon om stoda i organsiasjonen og med sitt nærvær utanom programpostane. På sitt første regionsstemne var han og lyhør for signal frå forsamlinga, der fleire var frampå med innspel og spørsmål.

Suppleringsval
Regonsstyret har ikkje hatt val på nye representantar på ei tid grunna den uavklara situasjonen kring regionsstrukturen. Etter GF i sommar vart det avklara at Møre skal vere eigen region og ha eige regionsstyre. Det var difor trong for å få nye medlemmer inn i styret for å erstatte Marit Kristensen frå søre Sunnmøre og Kari Sødal frå Nordmøre, som begge var ferdige med sine periodar. Arne Drøpping og Valborg Hustadnes vart vald inn i regionsstyret for eit år inntil områdeutvala til våren igjen skal ha ordinære valg på nye medlemmer.

Rapportar frå grasrota
Det var varierte programinnslag som viste breidden i arbeidet på grasrota i Møre. Vandre gruppa frå Stranda fortalte om sin måte å drive misjonsarbeid i kombinasjon med andre interesser og gleder. Det same gjorde Bjarne Øygard frå mannsforeninga Barabassane i Haram. Gunn Berit Torvik frå Nordmøre kunne fortelle frå si kvinneforening på Nordmøre og rapporterte også om vekst i foreningsarbeidet der og nye kristne kom til. Marit Kristensen klarte ikkje å skjule sitt engasjement då ho fortalte frå Gjennbruksbutikken i Myrvågane på Søre sunnmøre. ”Vi får mykje skryt for dette arbeidet, også frå folk som er fjernt frå misjonsarbeidet”, kunne ho fortelle.

Ung misjonær
Øystein Myhreer ein av NMS u sine aktive ungdommar i Møre. Han var så godt som ferdig pakka for å reise til London for å ta fatt på eit år som eitåring og misjonærpraktikant. Møteleiaren, May Lisbeth Hovlid Aurdal oppmoda alle til å be for Øystein dette året. Sjølv virka han forventningsfull og spent.



Gasser med Nordfjordialekt
Misjonsinformasjonen på stemnet var konsentrert om Magagaskar og vart presentert av gasseren Razafy Oksholen. Ho er oppvaksen på Madagaskar og bur og arbeider der store deler av året i lag med mannen sin, misjonær Kåre Oksholen. Dei har sin andre heim i Måløy, og det er forklaringa på dialekta som Razafy formidla ferske glimt frå Madagaskar på.

 


Ny giv
Eit innkome på knappe 40 000 kr til NMS sitt arbeid var også eit utbytte av stemnet som kjem godt med. Økonomien er som kjent ei utfordring og motivasjon og kreativitet i arbeidet med å få inn meir midlar og bruke ressursane klokt vil trengast framover. Mindre tilsett ressurs gjer at frivillige må trø til i større grad dersom arbeid skal vidareførast på dagens nivå, og helst vekse. Det er difor gledeleg å merke at ein ny giv er på gang og at mange på grasrota er klare til å sjå framover mot nye utfordringar i NMS.