Men vi kom fram til at vi kanskje burde byrje med noko overkommeleg og ta dei litt meir ambisiøse tinga etterkvart. Planen var å pusse opp aktivitetsrommet i kjellaren på møtesalen. Dette var eit rom som etterkvart berre hadde blitt brukt til herjerom og lagerrom for gamle møblar....
I juli 2011 var vi klare for oppussing, med pengestøtte frå Kjeldsundfamilien og Leirleiarsamlinga på Kjeldsund. Største og første jobben var å få rydda rommet. Mange møblar, madrasser og anna måtte ut....Etter mange timars arbeid, fleire lass på "dynga", vasking, 3 strøk maling og nye sofaer vart rommet mykje koslegare og klart til bruk på leir, leirleiarsamling og mange andre aktivitetar på Kjeldsund! Kjekt med mange engasjerte ungdommar, god mat, god stemning og Dugnad! :)"


