Då går det unna i ein fei. Leivar, utbaking og steiking.
Produktive til tusen. Ja, det vert pengar av det, - viktige MISJONSPENGAR.
Dei pakkar i flotte posar, trykt med MADAGASKAR-varemerke utanpå posane. Til inntekt for SHALOM prosjektet på Madagaskar.
NMS sin utsendte misjonskonsulent, May Lisbeth Hovlid Aurdal, skulle prøve å kjevle, men vart snart stempla som diskvalifisert, ialle fall i forhold til desse resarbakarane, so det vart raskt vedteke at den kvinnlege misjonskonsulenten eigna seg best til å SMAKE, ikkje BAKE!
I desse dagar går flatbrøda unna som "varmt hvetebrød" på julemesse, Musikk & Misjons-samling, Misjons-Seinope og andre liknande arrangement i Sykkylven på Møre.
Kanskje ein idé til INFORMASJON og INSPIRASJON for fleire kring i landet?

