Kva går det så ut på?

Eit vertskap tek på seg å invitere sine venner, naboar, kjenningar, kollegar, eller andre dei måtte ha lyst å invitere heim til seg, ein ettermiddag/kveld i løpet av veke 46.
Vertskapet bestemmer sjølv dag og tid.
Alle som er vertskap kan få ei ”oppskrift” for kvelden.

Den vil innehalde invitasjonskort, brosjyre- materiell med informasjon om NMS og det valgte prosjektet, DVD til visning, enkel kveldsavslutningsliturgi.

Brosjyre og DVD vil innhehalde nytt frå enten Japan eller Madagaskar, og tema er evangeliseringsarbeidet i desse landa. Vertskapet bestemmer kva for eit av desse to landa dei vil fokusere på.

Målet er at fleire som ikkje er så kjent med Det Norske Misjonsselskap kan bli det, og kanskje nokon får lyst til å bli med i forening/gruppe?
Ein ide er at foreningsformann er vertskap og at kvart foreningsmedlem inviterer med
seg minst ein som ikkje er medlem i foreninga frå før.

Her er det berre fantasien som set grenser for kven ein inviterer og korleis ein vil gjennomføre det.
Kanskje kan du feire bursdagen din på denne måten?
”Oppskrifta” er kun til hjelp for dei som treng det.

Det trengs:
- Vertskap
- ”God” mat
- God prat

Vil du bli med på dette er det kjempeflott!
Ring regionkontoret eller send ein epost, og meld deg som vertskap! Snart!