– NMS har svært gode prosjekt som vi samlar inn midlar til. Folk kan tene Gud også ved å vere gjevarar. Jobben min som innsamlingssjef er ikkje mindre kristeleg enn den eg hadde då eg skulle rekruttere misjonærar. Det er berre to sider av same sak, seier ho.

Samfunn i endring
Å samle inn pengar i dag er derimot svært forskjellig frå før. Samfunnet har vore i stor endring dei siste femti åra. Det seier seg sjølv at dei generelle samfunnsendringane også påverkar NMS.
– Før var det ikkje mange som dreiv med innsamling. Ja, går vi langt nok tilbake var NMS ein av dei få som dreiv med å samle inn pengar på den måten. Og vi var mest det einaste vindauget folk hadde mot verda utafor, seier Åslaug.
– Nå er vi alle invaderte av tallause aktørar som vender seg mot oss for å samle inn til forskjellige formål, både på kyrkjeleg og humanitær side. Det er mange om beinet, og mange er dyktige og profesjonelle innan fundraising, som det vert kalla i dag. Det krev meir av oss også, ikkje minst for å nå yngre generasjonar, seier Åslaug.

Marknadsføring
– Som aktiv i misjon tykkjer eg det har vore spennande å bli kjent med tenking og ordbruk innanfor marknadsføring. Misjonsbefalinga er ei befaling om å marknadsføre Jesusevangeliet til heile verda. Kvifor ikkje prøve å sjå kva ein kan hente ut frå dei som kan marknadsføring? spør Åslaug Ihle Thingnæs. Og ho fortset: – Dette betyr ikkje at vi avskriv Den heilage ande. Han treng vi meir enn nokon gong. Men Gud vil vi skal ta i bruk alt som står til vår disposisjon for å nå best mogleg ut. – Eg skulle verkeleg ønske at folk ikkje ser på innsamling av pengar som kun eit nødvendig vonde. Det er freistande. Men innsamling av pengar, og det å gje pengar, er også ei teneste for Gud.

Les resten av artikkelen i Misjonstidende nr 11.

Abonner på Misjonstidende her

Gi Misjonstidende i gave sammen med den nye Jule cd-en av Jan Groth