Vårt misjonsarbeid er avhengig av formidling som skaper varme hjarte. Formidlinga byggjer på Guds kjærleiks- og frelsesforteljing, og på forteljinga om at aktiviteten skaper nytt liv og betre kvardag for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Den sterkaste drivkrafta og motivasjonsfaktoren for misjonsarbeid er Guds store kjærleik. I jula kjem dette oss nær ved at Gud sjølv vart menneske og kom og tok bustad hjå oss. Han kom som frelsar for alle menneske og folkeslag. Dette er den gode, den beste, og den livgjevande forteljinga! Ingen kunnskap eller informasjon har kraft i seg til å skapa brennande hjarte som det eit møte med Jesus har. Vi ber om eit fornya møte med Frelsaren i jula. Forteljinga om at engasjementet vårt nyttar skaper varme hjarte. Slik informasjon inspirerer oss og driv oss vidare. Også forteljinga om menneske som lir og har bruk for støtte, gjer noko med oss. Det å kunna delta og å kunna hjelpa raskt og konkret, som i Japan og Thailand dette siste året, er også med og styrkjer engasjementet.

God og aktuell informasjon er viktig, men også vanskeleg. Store mengder informasjon når oss dagleg, og både dei dramatiske og dei banale tema kan føra til at vi ikkje klarar å ta sjølv det aller viktigaste inn over oss. Dette utfordrar oss som enkeltmenneske og som organisasjon, og det krev at vi prioriterer. NMS vil vera ein open og synleg organisasjon som gjev god og sakleg informasjon, og som formidlar den gode forteljinga! Misjonstidende er eit viktig organ for NMS. Her får vi oppdatert og viktig informasjon. Men 12 nummer i året kan ikkje formidla alt som skjer, som inspirerer og utfordrar! Heimesida, www. nms.no, er også ein viktig informasjonskanal, med sine daglege oppdateringar, og misjonærane har mange informative bloggar. Vi finn dei på www.nms.no/ blogg. Alle misjonsinteresserte som er på nett bør følgja med her, og vi må gjera vårt for at dei gode forteljingane når ut. Som kristne og misjonsengasjerte menneske er det viktig å prioritera kva informasjon vi lar oss påverka av.

Gud brukte englar som informasjonsformidlarar julenatta. Det var ganske sikkert eit underleg informasjonsmøte! Men den viktige bodskapen vart tydeleg formidla, og folket fekk vita om det sensasjonelle som hadde hendt! Det gjetarane hadde høyrt og sett førte dei til stallen og til Jesus, og det dei opplevde førte til at dei gjekk tilbake til sitt med lovsong og takk til Gud! Julebodskapen er den store forteljinga som verkeleg rører hjarta når den får føra oss til verda sin Frelsar, Jesus Kristus!

Landsstyret takkar frivillige og tilsette for stort og viktig arbeid i 2011.

------------------------------------

Framleis mogeleg å abonnere på Misjonstidende til gammal pris, kun kr 380!

«ein blir ikkje heit av det ein ikkje veit»