– Eg har vore generalsekretær i 10 ½ år, og det var mykje lenger enn eg såg for meg då eg starta. Med denne oppseiinga nå, vil landsstyret kunne sette i gang arbeidet med å finne ein ny generalsekretær, seier Aano.
Saman med kona Marianne Skjortnes og tre born var familien i teneste for NMS på Madagaskar frå 1978 til 1988. Etter det var Aano med på å bygge opp arbeidet til Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA) i Stavanger. I 1990 vart han tilsett som redaktør av Misjonstidende. I 1996 var han ein kort periode vikarprest i Hinna i Stavanger. Dei to siste åra før han vart generalsekretær, var han stiftskapellan i Stavanger bispedøme.
I Aano si tid har det vore fleire omstruktureringar av organisasjonen. Dei siste to åra har det vore ei stor utfordring å få økonomien i balanse.
Aano har vore mykje oppteken av vilkåra for globalt misjonsarbeid. I hans tid har det blitt mindre fokus på geografi, og meir fokus på ei heilskapleg tenking om å setje kyrkjer og kyrkjelydar i stand til sjølv å nå vidare ut med evangeliet. Misjonsarbeidet har i denne perioden blitt organisert i tre program: Evangelisering og menighetsbygging, Diakoni og bistand og Lederutvikling og organisasjonsbygging. (Forkorta til Bodskap, Bistand og Bygging)
– Som landstyreleiar tek eg oppseiinga til orientering, – det kjem ikkje uventa, seier landstyreleiar Kari Skår Sørheim, og legg til: – I landsstyret er vi svært takksame for arbeidet som Aano har lagt ned i NMS, som misjonær, redaktør og dei siste ti år som generalsekretær. Særskilt dei siste åra, med mange tøffe tak, har det vore viktig med ein generalsekretær som har lang erfaring, kjenner organisasjonen godt og som har stått saman med oss i omstillingsarbeidet.
For meir informasjon, kontakt:
Landsstyreleiar Kari Skår Sørheim mob 92 22 11 23
Informasjonsleiar Eivind Hauglid mob 40 40 60 26
