Tradisjonelt er det kvinneforeiningsarbeidet som har stått sterkast i NMS også på Møre.
Men yngre kjem til både kvinner og menn, og ynskjer kanskje bruke sitt misjonsengasjement på andre måtar enn i ei tradisjonell misjonforeining.

Kanskje kan ei turgruppe med fokus på misjon vere tingen? Eller ei mannsgruppe der båt og fiske er fellesnemnar?

I regionen har vi
- kvinneforeiningar
- manssgrupper
- VOG grupper (ekstern gruppe som støttar eit NMS prosjekt)
- familiegrupper
- barneforeningar
- ungdomsklubbar
- leiararbeid
- barnekor

Vi kan også tilby arbeid i trivelige fellesskap!
Begge leirstadane våre treng frivillige hjelparar av ymse slag; serveringshjelp, vaskehjelp, plenklipping, vedhogst, brosjyrelaging.
Til regionarbeidet kunne vi ha god bruk for frivillige til praktisk arbeid på regionkontoret slik som store utsendingar. Vi treng og hjelp med ”Selskapet”.

Er du av dei som likar å formidle er det mange arrangement vi kunne treng ein uløna arbeidar på.
Ta kontakt så vi kan utfylle kvarandre til det beste for tenesta i Guds rike!