Butikkjeda NMS Gjenbruk er inne i sitt trettande år og tel nå 36 butikkar, i tillegg til Knausen lysstøyperi. Aktiviteten er stor, og inntektene stig vesentleg frå år til år: I 2009 vart driftsresultatet på 11,7 millionar, glede for dei omlag 1300 frivillige medarbeidarane.

NMS Gjenbruk - ein suksess
Suksessen blir lagt merke til både i og utanfor NMS - denne ”greina” er verd å satsa på. Vi er opptekne av å ekspandere, med nye butikkar på nye stadar. 

Positve huseigarar og forventningsfulle kunder
Nyetableringar er viktig, men og at dei butikkane vi alt har går godt, og at dei får fornye seg iblant. NMS Gjenbruk Levanger flyttar nå eitt kvartal i Kirkegata i sitt tiande driftsår, og NMS Gjenbruk Ulsteinvik flyttar frå nr 15 til nr 19 i Kyrkjegata i sitt åttande år! Vi opplever positive huseigarar som legg vel til rette for oss, og forventningsfulle kundegrupper. På begge stadane ser ein fram til å få betre plass til lagring og utstilling av varer – ikkje minst for møblar - som er sers plasskrevjande.

Til ”gamle” og nye kundar:
Velkomne til butikkane våre! I Ulsteinvik markerer ein nyopninga fredag 23. april, og i Levanger blir det opning første måndag i mai. Får du lyst til å vere med? Snakk med leiinga i ein butikk nær deg og spør om dei treng folk. Skal suksessen halde fram trengst det nye krefter frå tid til anna.