Godt år for NMS Gjenbruk i 2009
Dei aller fleste av dei 35 butikkane i kjeda opplever vekst. Butikkar som har halde på frå dei tidlegaste år, frå før siste århundreskifte, opplever at salstala peikar oppover, og dei nyare har god vekst. Nrk.no kan fortelje om NMS Gjenbruk Førde som har hatt eit spesielt godt år – sjå saka her.

Medarbeidarane sine eigne oversyn og grafar syner at butikken i Elvahuset i Førde har selt brukte varer for ein million kroner siste året! Det er første gong i kjeda si historie at vi passerer den milepålen. Og fleire ligg like etter; butikken i Molde har svært godt sal, og Egersund har vore sterk i mange år. Den nye butikken i Hå har imponert sidan han starta opp i mars -09 – reknar vi høvesvis ligg det kan hende her og an til millionbeløp.

Korleis er det mogleg?
1200-1300 frivillige medarbeidarar gjer suksessen mogleg! Dei syner eit sterkt engasjement, og gjev raust av tid og krefter i arbeidet. Og dei glade gjevarane – dei syner tillit til den lokale butikken ved at dei gjev bort fine og verdfulle gjenstandar. Det vitnar om omtanke for miljø og forvalting at ein ikkje vel den lettvinte løysinga det kan vere å dumpe alt overflødig på miljøstasjonen.

Takk!
Takk til alle uthaldande medarbeidarar i NMS Gjenbruk! Takk til alle glade gjevarar! Takk til alle kundar – sporadiske og stadig tilbakevendande! Også stor takk til dykk som held fram og arbeider trutt, sjølv om summane ikkje kan måle seg med dei beste, men som like vel bidreg til at det samla resultatet blir vesentleg på Det Norske Misjonsselskap si inntektsside!

Godt nytt gjenbruksår, og ”trivsel med brukt”!

Finn fleire butikkar her
PS: -hugs å få med deg ein pakke Knausen-lys eller to før du går…..